Nesten 1 million har skrive under på Greta sine klimakrav for COP26

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Millionar vil lide medan planeten vår vert øydelagd – ei skremmande framtid vil verte skapt, eller unngått, av avgjerslene de tek. De har makta til å velje.

Det skriv Greta Thunberg, ugandiske Vanessa Nakate, polske Dominika Lasota og Mitzi Tan frå Filippinene i eit opent brev til verdsleiarane som deltek på klimatoppmøtet i Glasgow.

Dei fire kjende klimaaktivistane reagerer på at styresmakter verda over framleis brukar milliardar på fossile brensel samstundes som 1,5-graders målet vert meir og meir uoppnåeleg.

– Dette er ikkje ei øving. Det er kode raud for jorda, skriv klimaaktivstane, som ber om handling no, ikkje neste år, ikkje neste månad.

På under eitt døgn har over 900 000 skrive under på brevet.

Dette krev klimaaktivistane

I brevet stiller klimaaktivistane fem krav til det nyleg oppstarta COP26.

  1. Hald 1,5-graders målet i live ved å med det same starte med drastiske, årlege utsleppskutt.
  2. Stopp alle investeringar i fossile brensel, alle subsidieringar og nye prosjekt, og stopp ny utforsking og utvinning.
  3. Slutt med kreative karbonrekneskap ved å publisere totale utsleppstal for alle forbruksindeksar, forsyningskjeder, internasjonal luftfart og skipsfart og forbrenning av biomasse.
  4. Lever dei 100 milliardar dollarane som vart lova til sårbare land, med ekstra løyve for klimakatastrofar.
  5. Vedta klimapolitikk som vernar arbeidarar og dei mest sårbare, og reduserer alle formar for ulikskap.

– Vil krevje enormt mot

Ein av klimaaktivistane som står bak brevet, er filippinske Mitzi Tan. Ho var ein av aktivistane som i november i fjor arrangerte eit eige digitale klimatoppmøte etter FN utsette COP26 til 2021.

I eit intervju med Framtida.no uttrykte ho vantru over at møtet vart utsett, når tida allereie var i ferd med å renne ut:

– Eg har sett så mykje øydelegging og eg er redd for å drukne på mitt eige soverom, og no fortel de meg at det kjem til å ta eitt år til før de revurderer dei tomme orda og løftene, og planar vert gjort om til handling? sa Tan til Framtida.no då.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac

I brevet skriv Tan og dei andre klimaaktivistane at verda framleis har tid til å unngå dei verste konsekvensane av klimakrisa, om vi er villige til å gjennomføre endringar:

– Det vil krevje enormt mot – men vit at når de tek utfordringa, har de milliardar som støttar dykk.


Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall