Sivil ulydnad er vår siste moglegheit

  • Cinta Hondsmerk (20)
Aksjonsgruppen gjennomfører en «die-in» foran Slottet i august. En «die-in» betyr at man spiller død ved å legge seg ned på bakken.

Eg har prøvd lovlege metodar, utan hell.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

I slutten av august hadde Extinction Rebellion (XR) sin største sivil ulydnad-aksjon hittil. Med 20 ungdommar frå XR Ung gjekk me og satte oss ned i resepsjonen til Olje- og energidepartementet. Aksjonen enda med at 19 av oss blei arresterte, og fleire av oss fekk bøter på 13.000 kroner.

I FN sin nyaste IPCC-rapport seier verdskjende forskarar at det er «kode raud» for menneskeheita, og 1,5 gradersmålet nærer seg med stormskritt. Sjølv om Noreg er den sjuande største eksportøren av CO₂-utslepp, så kjem me til å vere blant dei landa som slepp mest unna klima- og miljøkrisa.

20. august lanserte Unicef klimarisikoindeksen sin for barn. Der kjem dei fram til at 99 prosent av alle barn i heile verda er utsett for minst éin klimatrussel akkurat no. Det er dei som har gjort minst, som kjem til å bli råka verst av klima- og miljøkrisa.

Teke på alvor

I årevis har miljørørsla prøvd å setja klima- og miljøkrisa på dagsorden ved å vere optimistar og peike på løysingar. Me har prøvd å bli aktive i politikken, delta i ungdomsråd, skrive brev til politikarar, delta i brøl og gå i tog utan å ha vorte høyrde eller tekne på alvor.

Sivil ulydnad er eit verkemiddel som er blitt brukt fleire gongar i historia. Kvinnerørsla, borgarrettsrørsla og LHBT+ kjempa alle for sine rettigheiter. I Noreg er sivil ulydnad heller ikkje eit ukjent fenomen, berre sjå på til dømes Alta-aksjonen i 1981.

Sivil ulydnad er eit verktøy for å skapa endring når ingenting anna har fungert og som kan brukast av alle, uavhengig av sosio-økonomisk bakgrunn. Det er eit verkemiddel som skal hjelpe dei som ikkje blir høyrde, til å bli høyrd og dermed styrke demokratiet.

Som ei ung kvinne utan norsk pass kan eg ikkje stemme i valet i år. Eg har prøvd lovlege metodar, utan hell. Sivil ulydnad er min og andre stemmelause sin moglegheit for å bli høyrde.

Vår plikt

XR er ei rørsle som brukar ikkje-valdeleg sivil ulydnad. Me driv ikkje berre med vegblokkadar eller sit-ins, me inviterer også til fikseverkstad, loppemarknad og mykje anna som ikkje inneber at ein bryt lova.

Det er heilt uakseptabelt at vår siste utveg, sivil ulydnad, blir rakka ned på av politikarar og nettroll.

Sjølv når me bryt lova, får me skryt av politiet for vår profesjonalitet og venlegheit. Me skulle ønskje at sivil ulydnad ikkje var nødvendig, men når politikarene aktivt set profitt framfor liv, så er det vår plikt. Det er heilt uakseptabelt at vår siste utveg, sivil ulydnad, blir rakka ned på av politikarar og nettroll.

Tida renner frå oss, millionar av barn står i fare, tapet av biomangfald skjer i rekordfart, og vår eigen eksistens står på spel. Det er på tide at liv blir satt framfor vekst før det er for seint. Ikkje berre for min generasjon, men også for framtidige generasjonar.

Les også

De stenger gater og blokkerer departementer i Oslo. Hvem er de, og hva vil de?

13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!