Hopp til innhold

Aksjonsgruppe stenger Stureterminalen – Equinor sender tilsette heim

Aksjonistar har brote tryggingssona ved oljeanlegget Stureterminalen. Equinor har bede alle sine tilsette om å ikkje koma på jobb.

Demonstrasjon på Stureterminalen

AKSJONERTE: Torsdag klokka 06 deltok fleire titals aksjonistar i ein aksjon mot oljeterminalen på Sture i Øygarden.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aksjonistar frå protestgruppa Extinction Rebellion har torsdag morgon sperra hovudvegen inn til Stureterminalen i Øygarden. Dei har også tatt seg inn i tryggingssona til oljeterminalen med ein båt.

– Me er i ein nødssituasjon og følte me måtte gjera noko drastisk, seier kommunikasjonsansvarleg for gruppa, Torleif Torgersen.

Han viser til FN sin klimarapport som kom førre veke som seier at det er kode raud for menneska om ein ikkje gjer noko med klimaendringane.

– Me respekterer sjølvsagt retten til å gjera markeringar og aksjonar så lenge det skjer på ein lovleg måte, men me ser alvorleg på at fartøy frå aksjonistane har brote tryggleikssona, seier Eskil Eriksen, pressetalsperson for Equinor.

Stureterminalen i Øygarden kommune i Vestland er ei viktig utskipingshamn for råolje. Skipstrafikken gjer hamna til ei av dei mest trafikkerte i Vestland.

Eriksen seier at dei har bedt deira tilsette om å jobbe heime.

Extension Rebellion stenger innkjøring til Stureterminalen

LANGE KØAR: Tilsette som skulle på jobb fekk etter kvart beskjed frå Equinor om å snu og reisa heim att.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Bekymra for tryggleik

– Me ynskjer å stenga ned arbeidsplassane på ein måte som gjer at me får fram bodskapen om at me må stansa all leiting og transport av olje, seier Torgersen.

Extinction Rebellion er ei internasjonal klimaaktivistgruppe som demonstrerer med bruk av sivil ulydnad for å fremja sin bodskap: protestera mot dei menneskeskapte klimaendringane som trugar vår eksistens.

Bakgrunnen for at Stureterminalen er vald ut, heng saman med det nye Breidablikk-feltet. Olja frå feltet skal førast i land ved Sture. Etter planen skal feltet pumpa olje til 2044.

Equinor er torsdag morgon bekymra for at aksjonistane set seg sjølve eller andre som jobbar på anlegget i fare.

strue-miljø-protest

STANSA TRAFIKKEN: Demonstrantane har lagt seg i vegen for å sperra for dei som skulle på jobb.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Aksjonistane ligg midt i vegen og har laga lange køar for dei som prøvde å komma seg på jobb i dag tidleg.

– Her har aksjonistane brote tryggingssona, og me har varsla styresmaktene om dette, seier Eriksen.

Kor farleg kan det vera at tryggingssona blir broten?

– Det ønskjer eg ikkje spekulera i. Me forheld oss til at dei har brote tryggingssona, og handterer det på den måten. Aktiviteten på Stureterminalen går inntil vidare som normalt, opplyser Eriksen i Equinor.

Rolege forhold

Politiet på Stureterminalen

DIALOG: Politiet seier dei vil ha løpande dialog med demonstrantane utover formiddagen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Rundt klokka 08.15 var politiet framme på staden.

– Me har ein god dialog med demonstrantane. Me ynskjer å løyse dette gjennom samtale, seier innsatsleiar i Politiet Ivar Kvant.

Han seier dei har snakka med ein representant for gruppa og at det heile går fredeleg for seg.

Politiet vil vera til stades utover formiddagen og seier demonstrantane vil fjerne seg raskt om det skulle oppstå situasjonar som er til fare for liv og helse.